Sjukeheim / heildøgns bemanna omsorgsbustad

Heildøgns omsorg i sjukeheim/ bemanna omsorgsbustad på sjukeheimsnivå, er eit tilbod til personar med behov for pleie og omsorg heile døgnet.

Bu heime lengst mogleg

Mange ønsker å bu heime lengst mogleg. Vi har fleire ulike tilbod og tenester som kan legge til rette for at du skal meistre å bu heime så lenge det er fagleg forsvarleg.

Les meir om kva tenester du kan få heime

Kven kan få tilbod om sjukeheimsplass / heildøgns bemanna omsorgsbustad? 

Sjukeheim / heildøgnsbemanna omsorgsbustad er eit tilbod for deg som ikkje kan bu heime sjølv om det blir lagt til rette for pleie- og omsorgstilbod i eigen heim.  På sjukeheim finst det og opphald for deg som treng ulike former for pleie og omsorg i ein avgrensa eller lengre periode.

Ulike typar opphald i sjukeheim

Slik søker du

Når du sender inn søknadskjema om helse- og omsorgstenester søker du generelt om helse - og omsorgstenester, og ikkje ei spesifikk teneste. Beskriv i søknaden behova dine og kva du treng hjelp til. Vi gjer ei heilskapsvurdering i samråd med deg, og finn det tilbodet som passar best for deg i din situasjon.

Du må søke om tenesta ved å bruke skjema for søknad om helse- og omsorgstenester. 
Inntil digitalt skjema er på plass må papirbasert skjema brukast.

  • Last ned og fyll ut skjemaet under
  • Skjemaet skal signerast og sendast til
    Haram kommune, Postboks 33, 6282 Brattvåg

Søk om helse- og omsorgstenester

Slik kan du klage på vedtak 

Kva kostar det?

Pris for opphald i sjukeheim, dag, natt eller korttid, inntil 60 døgn per kalenderår, er maksimumssatsar. Desse satsane er per dag/natt/døgn, og er uavhengig av brukaren si inntekt.

For langtidsplass er det begrensing i vederlag.

Avlastning er gratis. 

Sjå pris for opphald i sjukeheim/institusjon

Kontakt oss