Søkje kommunal bustadKlarer du ikkje å skaffe deg ein eigna bustad sjølv på grunn av økonomiske, helsemessige eller sosiale forhold, kan du søke om å leige kommunal gjennomgangsbustad. Sist endra 02.02.2024 14.14 Kort fortaltKommunal bustad er eit mellombels tilbod.Bustadene vert tildelt for tre år av gongen. Du kan søke om å leige lenger dersom du fortsatt har behov for bustaden.Du kan søke om bustøtte frå Husbanken for å dekke delar av husleiga. Kven kan få kommunal bustad? Du må vera utan egna bustad og ikkje i stand til å skaffe deg bustad sjølv, eller med hjelp frå andre. Det må vera økonomiske, helsemessige eller sosiale forhold som gjer at du ikkje mestrar å skaffe deg ein plass å bu. Det at du har lav inntekt er ikkje alltid nok til å få kommunal bustad. Ved behandling av søknadar og tildeling av kommunale utleigebustadar vert det lagt vekt på: Inntekts - og formueforhold: Søkar må ikkje ha inntekt, formue eller alternative moglegheiter som gjer søkar i stand til sjølv å skaffe egna bustad med mindre særlige grunnar føreligg. Andre bustadverkemiddel: Søkar som kan nyttegjere seg av andre bustadverkemiddel for å skaffe eller behalde bustad, skal ikkje innvilgast kommunal bustad. Alder: Søkar må vere over 18 år. Det kan gjerast unntak i særskilde tilfelle. Butid: Søkar skal ha ein samanhengande folkeregistrert butid i kommuna dei siste to åra med mindre særlege grunnar føreligg. Utanlandske statsborgarar må i tillegg ha lovleg opphald i landet. Det blir ikkje stilt krav om butid for flyktningar som vert førstegongsbusett i kommuna. Noverande buforhold: Søkar må vera utan fast eller egna bustad, eller vera i ferd med å miste sin bustad. Helsemessige- og sosiale forhold: Helsemessige- og sosiale forhold blir vektlagt ved behandling av søknaden. Søkarar som har omfattande bistand frå hjelpeapparatet kan tildelast bustad, så framt bustaden har betyding for eit heilskapleg tilbod og når annan bustadbistand ikkje er aktuelt. Misleghald: Dersom bustadsøkar har misleghaldt leigeforhold med kommuna eller misleghaldt lån frå kommuna, kan søknaden bli avslått. Det er krav om at husleigerestanse og annan gjeld knytt til kommunale buforhold skal vere gjort opp. Oppfølgingsbehov: Søkarar som vurderast å ha oppfølgingsbehov i bustaden for å meistre busituasjonen, kan berre tildelast bustad føresett at søkaren går inn i eit forpliktande samarbeid med kommuna. Tidligare tilbod: Dersom søkar ikkje har tatt imot tidligare butilbod eller annan bustadhjelp som kommuna finn egna, kan søknaden bli avslått. Korleis tildeler ein bustader? Førtløpande vurderingAlle som søkar mellom den 20. i noverande månad og 20. i neste månad blir vurdert fortløpande.Dei som manglar dokumentasjon får brev om å oppdatere søknad/ettersende dokumentasjon.Dei som er innanfor kriteria for kommunal bustad får beskjed om at dei er på ei «godkjentliste». Avhengig av tilgjengelege bustader og prioritering blant godkjente søkarar, vil ein kunne få tildelt ein bustad.TildelingsmøteI slutten av kvar månad gjennomfører Haram kommune eit tildelingsmøte. Dine oppgitte kontaktpersonar som er nevnt i søknaden, blir kontakta for prioritering.Tildeling av bustadI løpet av den første veka i kvar månad, vil dei som har fått tildelt bustad bli kontakta på telefon og i brevsform.Visning og kontraktDei som har fått tildelingsbrev får beskjed om å kontakt Hararam kommune for visning. Om bustaden er aktuell må evt. NAV-garanti skaffast, om dette er etterspurt i tildelingsbrevet. Kontraktsmøte blir avtalt, der kontrakt med 3 års varigheit blir signert. Bustad med nøklar blir òg overlevert på kontraktsmøtet. Slik søker du kommunal bustadDet vil etter kvart kome eit digitalt skjema for søknad om kommunal bustad. Før dette er på plass kan du kontakte kommunen på telefon 70 20 75 00. Det er avdeling for koordinering og tildeling som behandlar søknader om kommunal bustad.Skal du bu saman med nokon?Her kan du registrére økonomiopplysningar på eventuell medleigetakar Vedlegg til søknadenDet er viktig at du legg ved desse vedlegga til søknaden:Siste skattemeldingSiste månadlege inntektsgrunnlag (f.eks. lønnsseddel, NAV-utskrift, osv)Helsedokumentasjon om du søker på grunnlag av helse. Søknaden er gyldig i 3 månader frå du får bekrefting på at den er registrert.Seie opp kommunal bustadDu må gi skriftleg beskjed om du vil avslutte leigeforholdet. Sei opp den kommunale bustaden dinKontakt oss