- Kommunal bustad er eit midlertidig tilbod.
- Bustadene vert tildelt for tre år av gongen. Du kan søke om å leige lenger dersom du framleis har behov for bustaden.
- Du kan søke om bustøtte frå Husbanken for å dekke delar av husleiga.
Du må vere utan eigna bustad og ikkje i stand til å skaffe deg bustad sjølv, eller med hjelp frå andre. Det må vere økonomiske, helsemessige eller sosiale forhold som gjer at du ikkje meistrar å skaffe deg ein plass å bu. Det at du har lav inntekt er ikkje alltid nok til å få kommunal bustad.
Ved behandling av søknadar og tildeling av kommunale utleigebustadar vert det lagt vekt på:
- Inntekts - og formueforhold:
Søkar må ikkje ha inntekt, formue eller alternative moglegheiter som gjer søkar i stand til sjølv å skaffe eigna bustad med mindre det er særlege grunnar til det. - Andre bustadverkemiddel:
Søkar som kan nyttegjere seg av andre bustadverkemiddel for å skaffe eller behalde bustad, skal ikkje innvilgast kommunal bustad. - Alder:
Søkar må vere over 18 år. Det kan gjerast unntak i særskilde tilfelle. - Butid:
Søkar skal ha ei samanhengande folkeregistrert butid i kommunen dei siste to åra med mindre særlege grunnar føreligg. Utanlandske statsborgarar må i tillegg ha lovleg opphald i landet. Det blir ikkje stilt krav om butid for flyktningar som vert førstegongsbusett i kommunen. - Noverande buforhold:
Søkar må vere utan fast eller eigna bustad, eller vere i ferd med å miste bustaden sin. - Helsemessige- og sosiale forhold:
Helsemessige- og sosiale forhold blir vektlagt ved behandling av søknaden. Søkarar som har omfattande bistand frå hjelpeapparatet kan tildelast bustad, dersom bustaden har betyding for eit heilskapleg tilbod og når annan bustadbistand ikkje er aktuelt. - Misleghald:
Dersom bustadsøkar har misleghaldt leigeforhold med kommunen eller misleghaldt lån frå kommunen, kan søknaden bli avslått. Det er krav om at husleigerestanse og anna gjeld knytt til kommunale buforhold skal vere gjort opp. - Oppfølgingsbehov:
Søkarar som er vurdert til å ha oppfølgingsbehov i bustaden for å meistre busituasjonen, kan berre tildelast bustad dersom søkaren går inn i eit forpliktande samarbeid med kommunen. - Tidligare tilbod:
Dersom søkar ikkje har tatt imot tidligare butilbod eller anna bustadhjelp som kommunen finn eigna, kan søknaden bli avslått.
Fortløpande vurdering
Alle søknadar blir vurdert fortløpande.
- Søknadar som manglar dokumentasjon får brev om å oppdatere søknad/ettersende dokumentasjon.
- Søknadar som er innanfor kriteria for kommunal bustad får beskjed om at dei er på ei «godkjentliste». Avhengig av tilgjengelege bustader og prioritering blant godkjente søkarar, vil ein kunne få tildelt ein bustad.
Tildeling av bustad
Tildeling vil skje når det er ein eigna bustad tilgjengeleg, søkar vil då bli kontakta på telefon og i brevsform.
Visning og kontrakt
Dei som har fått tildelingsbrev får beskjed om å kontakt Hararam kommune for visning. Om bustaden er aktuell må eventuell NAV-garanti skaffast, om dette er etterspurt i tildelingsbrevet. Kontraktsmøte blir avtalt, der kontrakt med 3 års varigheit blir signert. Bustad med nøklar blir òg overlevert på kontraktsmøtet.
Slik søker du kommunal bustad
Ved søknad om kommunal bustad må du nytte eige søknadsskjema (papirskjema). Skjemaet må fyllast ut og sendast per post til:
Haram kommune
Tildeling og koordinering
Postboks 33, 6282 Brattvåg
Søknadsskjema kan også hentast hos Innbyggarservice på Haram tenestehus.
Her finn du skjema for søknad om kommunal bustad
Vedlegg til søknaden
Det er viktig at du legg ved desse vedlegga til søknaden:
- Siste skattemelding
- Siste månadlege inntektsgrunnlag (f.eks. lønnsslipp, NAV-utskrift, osv)
- Helsedokumentasjon om du søker på grunnlag av helse.
Du treng ikkje å legge ved skattemelding og inntektsgrunnlag ved søknad om omsorgsbustad.
Seie opp kommunal bustad
Du må gi skriftleg beskjed om du vil avslutte leigeforholdet, dette kan du gjere via e-post til postmottak@haram.kommune.no eller per brev til Haram kommune, Postboks 33, 6282 Brattvåg.
I oppseiinga må adressa til bustaden gå fram, og frå kva dato oppseiinga gjeld. Du skal ikkje oppgi sensitive opplysningar.
Kontakt oss