Kva tilbyr vi?
Nokre av bustadane som er tilrettelagt for personar med særskilte behov er prioritert for spesielle grupper, og bustadane er spreidd geografisk i kommunen. Det kan ikkje søkjast særskilt på ei bustadsadresse. Dette fordi tildelinga vil vere avhengig av kva som er ledig, og vurdert ut frå kva som passar best til søkjaren sine behov.
Det er fast personell knytt til bustadane, og den enkelte får vedtak på praktisk og personleg bistand.
Kven kan få bustad med heildøgnsbemanning?
Tilbodet er for deg som har:
- psykisk liding
- rusvanskar
- ulike former for lettere fysisk funksjons nedsetting
- psykisk utviklingshemming
- bolig og avlastningstilbud til barn
Bustadane blir tildelt etter ei samla vurdering av søkjaren sitt hjelpebehov. Det er derfor viktig med god dokumentasjon frå lege, behandlingskontakt eller kommunale tenesteytarar.
Sjå Helsetilsynet sin informasjon om rettigheiter til helsetenester
Slik søkjer du
Du må søke om tenesta ved å bruke skjema for søknad om helse- og omsorgstenester.
Inntil digitalt skjema er på plass må papirbasert skjema brukast.
- Last ned og fyll ut skjemaet under
- Skjemaet skal signerast og sendast til
Haram kommune, Koordinering og tildeling, Postboks 33, 6282 Brattvåg
Søk om helse- og omsorgstenester
Kva boligar har vi som er heildøgnsbemanna?
- Dalebu, Brattvåg. Tenesteleiar er Laila Grytten
- Haram bustader, avd 1 og 2. Tenesteleiar er Linn Borgund
- Eidet omsorgssenter, Tennfjord. Tenesteleiar er Ingrid Mathisen
- Solbakken bukollektiv, Vatne.
Pris
Sjå prisar for plassar med personell heile døgnet