Overgrepsmottak

Har du vore utsett for voldtekt eller anna seksuelt overgrep?

Overgrepsmottaket er eit akuttilbod for ungdom, vaksne, kvinner og menn, som nyleg har blitt utsett for valdtekt, valdtektsforsøk eller liknande seksuell krenking, eller som er blitt utsett for vald av personar i nære relasjonar.  

Tilbodet er gratis og uavhengig av politimelding. Dei som arbeider på overgrepsmottaket har teieplikt.

Dette hjelper vi deg med

I mottaket har vi eit team med legar og sjukepleiarar som er spesielt opplært til å jobbe med overgrepssaker.

  • Du kan kome utan tilvising
  • Vi har døgnope, og behandlinga er gratis
  • Forholdet treng ikkje vere meldt til politiet
  • Våre tilsette har teieplikt
  • Du kan sjølv bestemme om du vil ta imot heile tilbodet, eller berre delar av det
  • Det er ein fordel at du kjem med ein gong, helst før du dusjar, skiftar klede og et.

Vi legg til rette for:

  • Samtale
  • Medisinsk undersøking med tanke på skadar, smitte og graviditet
  • Vi kan sikre bevis dersom du ønskjer å melde saka til politiet
  • Hjelp til å kontakte bistandsadvokat (gratis), uavhengig om du vel å melde saka til politiet
  • Hjelp til å kontakte politi
  • Informasjon om oppfølgingstilbod og andre hjelpeinstansar

Kontakt

Dersom du har behov for å kontakte Overgrepsmottaket, kan du ringe legevakt 116117. Dei vil setje deg i kontakt med Overgrepsmottaket i Ålesund.

Meir informasjon