Legevakt

Har du akutt sjukdom eller akutt forverring av kronisk sjukdom som ikkje kan vente til fastlegen opnar neste dag, kan du kontakte legevakta. 

Ved behov for akutt helsehjelp

  • Når liv og helse står i fare, ring medisinsk naudnummer 113
  • For akutt hjelp på dagtid – ring fastlegen din. Har du ikkje fastlege i området vil du få nødvendig hjelp i kommunedelen du er i. Ta kontakt med legevakta som vil vurdere behov, og sette deg i kontakt med næraste legevakt/legekontor.
  • For akutt hjelp på kveld/natt/helg – ring 116 117, det er eit nasjonalt nummer som går til næraste legevakt

Når skal du kontakte legevakta?

  • Ta kontakt med legevakt ved akutt sjukdom, forverring av sjukdom eller skadar som treng akutt hjelp, og ikkje kan vente til neste dag.
  • Ring på førehand. Du får snakke med ein sjukepleiar som kan gi deg råd, rettleiing og hjelp til å vurdere om du treng rask helsehjelp, eller om du kan vente.

Opningstid

Legevakta er døgnopen.

Kvar er legevakta? 

Ålesund interkommunale legevakt held til på: 

  • Avd. Ålesund: Åsesvingen 16, 6017 Ålesund
  • Avd. Ørskog: Sjøholtvegen 86, 6240 Ørskog
     

Praktisk informasjon til deg som skal til legevakta