Kommunal akutt døgnpost (ØHD)

Øyeblikkeleg hjelp døgntilbod (ØHD) er for pasientar som treng innlegging for behandling, observasjon og pleie, og som kan behandlast av allmennhelsetenesta.

Kven kan få tilbodet?

ØHD erstattar sjukehusinnlegging for pasientar som kan få eit like godt tilbod på ØHD som på sjukehuset.

Korleis får du innlegging på ØHD?

For å få plass må pasienten vere vurdert av lege (fastlege, legevaktslege eller sjukehuslege).

Kva får du?

  • Avdelinga har akuttmedisinsk utstyr og kan utføre laboratorieundersøkelser.
  • ØHD er døgnkontinuerleg bemanna med sjukepleiarar og har tilgjengeleg lege heile døgnet. 
  • Verksemda har eit nært samarbeid med Ålesund sjukehus.

Adresse

Ålesund lokalmedisinske senter er interkommunalt for kommunane Fjord, Giske, Haram, Sula og Ålesund.

  • Besøksadresse: Åsesvingen 16, 6017 Ålesund
  • Postadresse: Postboks 1521, 6025 Ålesund
  • Telefon: 70 16 39 50