Tilrettelagt arbeid og aktivitetHer finn du informasjon om tilrettelagde aktivitets- og arbeidstilbod for utviklingshemma og deltakarar med ulike funksjonsnedsettingar busett i Haram kommune. Sist endra 17.07.2025 14.47 Tilrettelagt arbeidVarig tilrettelagt arbeid (VTA) er eit tilbod til deg som har søkt om eller fått uføretrygd, og har behov for arbeidsoppgåver tilpassa deg.Du kan lese meir om varig tilrettelagt arbeid på nettsida til NAV.Gjennom Haram industrier /Vekst Haram kan Haram kommune tilby VTA-arbeid med oppgåver som: Mekanisk verkstad - sveising, dreiing, fresing, boring m.m.Snekkarverkstad med produksjon av pallar, emballasjekasser, parkbenkar, bord, benkar, poststativ, blomsterkasser, grillhytter m.m.Motering/pakking av deler frå næringslivet.Bruktbutikk med mykje fine varer.Sal av asiatiske matvarer i Bruktbutikken.Avdeling Utegruppe som driv med trefelling/skogrydding, beskjæring, plenklipping m.m.Arbeids- og aktivitetssenter.Du skal ha fullført vidaregåande opplæring, og ha fått ei arbeidsevne vurdering frå NAV.Tilrettelagt aktivitetBrattvåg dagaktivisering har mellom anna eigen butikk, med sal av eigen produksjon, som til dømes vedproduksjon, tekstil, saum og strikk. Søk om plassDet er årleg tildeling av arbeids- og aktivitetstilbod, med søknadsfrist 1. mars. Koordinering og tildeling vurderer i samråd med søkar og/eller verje om arbeids- og aktivitetstilbodet skal vere eit heil- eller deltidstilbod. Vedtak om aktivisering for eldre med funksjonsnedsettingar blir gitt for eit år av gongen.Du må søke om tenesta ved å bruke skjema for søknad om helse- og omsorgstenester. Inntil digitalt skjema er på plass må papirbasert skjema brukast.Last ned og fyll ut skjemaet underSkjemaet skal signerast og sendast tilHaram kommune, Postboks 33, 6282 BrattvågSøk om helse- og omsorgstenesterPrisTenesta er gratis. Kontakt