Dagtilbod for eldre

Dagtilbodet skal gjennom sosiale, kulturelle og fysiske aktivitetar  leggje til rette for ”den gode dagen” og å bidra til auka tryggleik og meistringskjensle.

Kven kan få tilbodet

Dagsenter er eit tilbod til heimebuande personar med demens og for heimebuande personar med andre typar helseutfordringar. For å få plass på dagsenteret må ein få innvilga søknad om dagplass.

Kva tilbyr vi

Vi ønskjer å legge til rette for:

  • sosialt samvær
  • felles måltid
  • fysisk aktivitet
  • gode opplevingar
  • individuelt tilrettelagte arbeidsoppgåver

Vi har ulike dagtilbod

Slik søker du plass på dagaktivitetstilbodet

Du må søke om tenesta ved å bruke skjema for søknad om helse- og omsorgstenester. 
Inntil digitalt skjema er på plass må papirbasert skjema brukast.

  • Last ned og fyll ut skjemaet under
  • Skjemaet skal signerast og sendast til
    Haram kommune, Koordinering og tildeling, Postboks 33, 6282 Brattvåg
     

Søk om helse- og omsorgstenester

Pris

Sjå prisane for dagopphald