Bestille oppstartsmøte for detaljregulering

Når du skal starte arbeidet med ein reguleringsplan må du først ha eit oppstartsmøte med kommunen. Oppstartsmøtet er obligatorisk og skal primært gi gjensidig orientering, der vi rettleiar om planarbeidet generelt, og gir rammer for planarbeidet.

Kven kan bestille oppstartsmøte?

Du kan som privatperson vere forslagsstillar og bestille oppstartsmøte, men ein fagkunnig plankonsulent må delta på møtet og utarbeide sjølve reguleringsplanen.

Kva skal sendast når du bestiller oppstartsmøte?

Følgande opplysningar ber vi om : 

  • Informasjon om forslagsstillar, plankonsulent, andre møtedeltakarar, fakturaadresse
  • Opplysningar om plantype, planområde, intensjon med planen, ønskt formål
  • Spørsmål som forslagsstillar ønsker avklart i møte

For å få mest muleg ut av oppstartsmøtet, treng vi gjennomarbeidd informasjon på førehand slik at begge partar er best mogleg førebudd. Du må ta stilling til korleis forslaget ditt blir påverka av overordna planar, føringar og reguleringar som allereie gjeld for området, lokale forhold med meir.

Difor må du saman med bestilling av oppstartsmøte sende eit planinitiativ, jf. § 1 i forskrift om behandling av private planforslag. Planinitiativ skal fyllast ut av fagkunnig.

Annan relevant informasjon finn du her: Kva gjeld for det aktuelle området

Skjema for planinitiativ (DOCX, 49 kB)

Etter at du har bestilt oppstartsmøte

Når vi mottar ei bestilling av eit oppstartsmøte, får du som regel svar frå oss innan to veker når saka har blitt tildelt ein saksbehandlar og det er gjort nødvendige avklaringar. Etter dette avtalar vi eit oppstartsmøte.

Oppstartsmøte bør primært vere fysisk for å sikre god dialog og nyttige diskusjonar. Ved behov kan enkelte deltakarar delta ved Teams, minimum 1 representant frå plankonsulent skal vere fysisk til stede.