Kven kan bestille oppstartsmøte?
Du kan som privatperson vere forslagsstillar og bestille oppstartsmøte, men ein fagkunnig plankonsulent må delta på møtet og utarbeide sjølve reguleringsplanen.
Kva skal sendast når du bestiller oppstartsmøte?
Du må bruke det digitale bestillingsskjemaet ved bestilling av oppstartsmøte. I skjemaet ber vi om følgande opplysningar:
- Informasjon om forslagsstillar, plankonsulent, andre møtedeltakarar, fakturaadresse
- Opplysningar om plantype, planområde, intensjon med planen, ønskt formål
- Spørsmål som forslagsstillar ønsker avklart i møte
Du må også ha desse vedlegga til skjemaet:
For å få mest muleg ut av oppstartsmøtet, treng vi gjennomarbeidd informasjon på førehand slik at begge partar er best mogleg førebudd. Du må ta stilling til korleis forslaget ditt blir påverka av overordna planar, føringar og reguleringar som allereie gjeld for området, lokale forhold med meir.
Difor må du saman med bestilling av oppstartsmøte sende eit planinitiativ, jf. § 1 i forskrift om behandling av private planforslag. Planinitiativ skal fyllast ut av fagkunnig.
Annan relevant informasjon finn du her: Kva gjeld for det aktuelle området
Fyll ut bestillingsskjema etter at du er ferdig med å fylle ut planinitiativ og legg ved alle relevante vedlegg.
Bestill oppstartsmøte (innlogging via ID-porten)
Har du allereie begynt på eit utkast?
Du finn utkastet i meldingsboksen på Mi side.
Etter at du har bestilt oppstartsmøte
Når vi mottar ei bestilling av eit oppstartsmøte, får du som regel svar frå oss innan to veker når saka har blitt tildelt ein saksbehandlar og det er gjort nødvendige avklaringar. Etter dette avtalar vi eit oppstartsmøte.
Oppstartsmøtet bør primært vere fysisk for å sikre god dialog og nyttige diskusjonar. Ved behov kan enkelte deltakarar delta ved Teams, minimum 1 representant frå plankonsulent skal vere fysisk til stede.
Gebyr
Det er gebyr for oppstartsmøte.
Her kan du sjå prisar knytt til private detaljreguleringar.