Seksjonering av uteareal

Skal du ha ei permanent oppdeling av utearealet i sameiget, må det søkjast samtidig med søknad om seksjonering eller reseksjonering.

Uteareala eom er fordelt vil då tilhøyre dei ulike seksjonane, og kan ikkje endrast på utan samtykke frå dei som eig seksjonane.

Føresetnader og krav

I utgangspunktet står du fritt til å fordele utearealet slik du sjølv vil. Det er likevel to vilkår som må vere oppfylt:

Alle som eig ein seksjon, skal behalde høvet til å komme fram til eigen seksjon frå fellesarealet.

Uteareal som er vedtekne som fellesareal i byggjeløyve eller reguleringsplan, kan ikkje fordelast til enkelte seksjonar. Desse må framleis vere fellesareal.

Slik søkjar du

Søk om oppmålingsforretning

Skal du seksjonere utearealet, behandlar vi dette som ei seksjoneringssak. 

Du kan fordele uteareal samtidig som du seksjonerer første gong eller ved reseksjonering.

Vedlegg som skal følge med søknaden:

  • Situasjonskart der du har teikna inn fordelinga av uteareala. Du må tydeleg markere kvart uteareal med "Seksjonsnummer" og fellesareala med "Fellesareal". 
    Les meir og bestill situasjonskart. 
  • Søknadsskjemaet skal vere vedlegg til seksjonering/reseksjonerings søknaden.
  • Oppmåling av uteareal kan gjennomførast uten oppmøte i marka dersom utearealet er eintydig fastsatt med koordinater.

Kva koster det?

Gebyr etter Matrikkellova.

Sjå gebyr for seksjonering

Skjema 

Rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring   

Lovhenvisningar 

Matrikkellova 

Eigarseksjonslova