Førstegangsseksjonering

Førstegongsseksjonering er å dele opp ein eigedom i eigarseksjonar. Kvar eigarseksjon representerer ein ideell sameigeandel i eigedomen, med tilknytta einerett til bruk av ei bestemt brukseining i eigedomen.

Du kan søkje om førstegongsseksjonering sjølv, og du treng ikkje fagkunnskap for å søkje.

Seksjonering eignar seg for oppdeling av bustadblokker, horisontaldelte to- og firemannsbustader, næringsbygg i fleire etasjar med ulike brukarar av etasjane og liknande. 

Slik søker du

Du søker om førstegangsseksjonering ved å fylle ut søknadsskjema “søknad om seksjonering”  

Søknad om seksjonering 

Slik fyller du ut «søknad om seksjonering»

Kva skjer etter at søknaden er sendt inn?

Når kommunen har mottatt søknad om seksjonering, vil denne bli registrert og gjennomgått. Dersom der er feil eller manglar, vil det bli gitt frist for retting. Når eventuelle rettingar er mottatt, vil vi sjekke om vilkåra for seksjonering er til stade. Dersom vilkåra er oppfylt, blir det fatta vedtak.

Når klagefristen på 3 veker er ute, blir dokumenta sendt til tinglysing. Etter at dei tinglyste dokumenta er mottatt i retur, sender vi desse til søkar, saman med matrikkelbrevet for dei nye seksjonane. Faktura blir sendt til søkar i eiga sending.

Kva koster det?

Sjå gebyr for seksjonering

Lovhenvisninger

Eigarseksjonslova

Matrikkellova

Skjema

Linkar til skjema og rettleiingar