Sal av bustadtomter og andre eigedommar

Haram kommune har ei rekke eigedommar som enten er til sals eller kjem for sal.

Sal av tomter til faste prisar

Vi har bustadtomter som blir selde til faste prisar.  Desse tomtene kan reserverast.

  • Ein kan berre reservere ei tomt per person/par/husstand/familie.
  • Reservasjon er uforpliktande, noko som betyr at ein ikkje er forplikta til å kjøpe tomten før kjøpekontrakt er underteikna.

Tomtene seljes til faste prisar. Tinglysingskostnader for skøyte, samt tilknytingsavgift for vatn og avløp, kjem i tillegg til kjøpesummen.

Tomtene blir selde med tre års byggeplikt, det vil seie at kjøpar må innan tre år frå dato for tinglyst skøyte, ha bygd ferdig eit godkjent bustadhus (dokumentert enten med mellombels bruksløyve eller ferdigattest) på tomta. Er dette ikkje oppfylt har skal Haram kommune ha rett til å kjøpe tilbake tomta («gjenkjøpsrett») til den pris den ble selt for.

Haram kommune skal ha forkjøpsrett til tomter som vidareseljast både som ubebygd tomt, òg etter at byggearbeidet er igangsett, fram til tomta er bygd ut med godkjent bustadshus.

Sjå salsvikår for sal av kommunaleide bustadstomter til fastpris

Eigedommane går fram av kartet nedanfor. Det finns også ei liste over tomtene nedanfor kartet.

  • Eigedommar som er merka med grøn farge er no til sals.
  • Eigedommar er merka med gul farge kjem til sals om nokre veker eller månedar.
  • Eigedommar som er merka med svart farge er tomter som er reservert. 

Opne karta i nytt nettlesarvindauge

Tomter til fast prisar

Reservér tomt

For å reservere tomt sender du ein e-post med desse opplysningange:

  • Fullt namn og adresse på kjøper,
  • Mobilnummer og e-post for vidare kontakt
  • Gnr/Bnr på tomta som ønskast reservert
  • Eventuelt legg til spørsmål om tomta og salet elles.

Send ein reservasjon

Andre eigedommar for sal

Her kjem andre eigedommar som Haram kommune skal selje.