Konsesjon og konsesjonsfridom

Kommunen er konsesjonsstyresmakt for dei fleste eigedomsoverdragingane etter konsesjonsloven

Konsesjon

Dersom ervervet er konsesjonspliktig, må det søkast konsesjon på eget skjema.

Saksbehandlingsgebyr skal vere betalt før søknaden blir behandla. 

Spørsmål vedkomande erverv av eigedom som krev konsesjonsvedtak rettast til landbrukskontoret på Haram.

Konsesjonsfridom

Dei aller fleste eigedomsoverdragingar er konsesjonsfrie. Dette inneber at det ikkje er nødvendig å søke om konsesjon når ein ervervar eigedom. Les meir om dette i forskrift om konsesjonsfrihet mv

Imidlertid krev tinglysingsstyresmakta ved tinglysing av heimelsdokument, for eksempel eit skøyte eller ei heimelserklæring ved arv, skifte og uskifte, i dei fleste tilfelle ei stadfesting frå kommunen på at ervervet er konsesjonsfritt. Dette gjerast ved at kjøpar gir opplysingar i ei eigenerklæring om konsesjonsfridom

Kommunen stadfestar eigenerklæringa og registrerer oppgitte opplysingar i  matrikkelen, som er det offisielle registeret over fast eigedom. Kvittering sendast avsendar. Dersom avsendar har oppgitt si e-postadresse, blir stadfesting sendt som e-post. 

Behandlinga av eigenerklæring er gebyrfri. 

Spørsmål som gjeld eigenerklæring om konsesjonsfridom kan rettast til landbrukskontoret på Haram.

Adresse

Skjema skal sendast i original til: Haram kommune, Storgata 19 Brattvåg, 6270 Haram 

Pris

Sjå pris for behandling av konsesjons- og delingssaker.