Med adresse siktar ein til eit namn eller eit vegnamn og eit nummer som karakteriserer ei adresseeining innanfor kommunen. Ei adresseeining er eit område, eigedom, bygning eller ein bygningsdel.
Offisielle adresser blir tildelt bygningar som skal brukast til:
- bustadformål
- fritidsformål
- næringsverksemd
- offentleg verksemd
Det er kommunen som er ansvarleg for tildeling av offisielle adresser.
Slik vert gate/vegnamn tildelt
Kommunen har som målsetting at eigedomar som det er naudsynt å finne fram til, skal tildelast vegadresser. Vegadresser har eit vegnamn og eit husnummer. Husnummer blir tildelt med partall på éi side av vegen og oddetal på motsett side av vegen, og med aukande nummerering frå starten av vegen.
Matrikkeladresse
Eigedommar blir unntaksvis (og ofte midlertidig) tildelt matrikkeladresse. Ei matrikkeladresse består av gardsnummer, bruksnummer og eventuelt feste- eller seksjonsummer. Ei matrikkeladresse kan for eksempel vere slik: 123/1/0/0 (Gnr./Bnr./Fnr./Snr).
Gards- og bruksnummer
Alle bustader har i tillegg til adresse også eit bustadnummer. I hus med fleire bueiningar har kvar eining eige bustadnummer. Desse skal ha adressemerke med bustadnummer plassert synleg på eller ved inngangsdøra.
Adressemerket skal innehalde informasjon om vegadressa på bustaden, altså vegnamn og -nummer. I tillegg skal bustadnummeret til leilegheita stå på. Det er eigar sitt ansvar å merke bustaden med adressemerke, adressemerke blir bestilt hos ein profesjonell aktør eller kan skrivast ut på nettsida til kartverket (der finst også meir informasjon om adressemerke).
Kva betyr bustadnummeret?
Har du bustadnummer H0203, fortel det at leilegheita di ligg i andre hovudetasje og at ho er nummer tre frå venstre. Alle einebustader med éi bueining har bustadnummer H0101, desse blir ikkje merka. Les meir i matrikkelforskrifta.
Meir informasjon