Slik går du fram
Sjå denne filmen før du går i gang med byggesøknaden
Du kan lese om alle stega du må gå gjennom før og under søknadsprosessen i veiledar for byggesøknad (Direktoratet for byggkvalitet, DiBK).
For mindre byggjetiltak kan du også bruka rettleiaren til eByggesøk.
Søknad
Du må samle alt du må ha med i byggesøknaden og varsle naboene dine før du sender inn søknaden.
Send inn søknad
Send digital byggesøknad (dibk.no)
Dersom du vil fylle ut skjema for hand, kan du laste ned skjema frå dibk.no og sende den i posten til Haram kommune, Strandgata 40, 6270 Brattvåg eller på e-post til postmottak@haram.kommune.no
Dei ulike søknadstypane er:
- Søknad utan ansvarsrett ("enklare søknad"): Det betyr at du sjølv kan stå ansvarleg. Du treng med andre ord ikkje eit ansvarleg kvalifisert føretak for å sende denne søknaden. (jf. Plan og bygningslovens § 20-4 )
- Søknad med ansvarsrett: For desse typane søknader er det nødvendig at eit ansvarleg kvalifisert føretak søker for deg (jf. Plan og bygningslovens § 20-3 )
Saksbehandling
Kor lang tid tar det?
Ved eittrinnssøknad, der alt er innanfor lovverket og ingen naboar har protestert på det du søker om, er behandlingstida på søknaden 3 veker. Dersom det er manglar i søknaden vil du få skriftleg tilbakemelding om dette.
Saksbehandlingstida er 12 veker for søknader som krev rammeløyve, tiltak som har nabomerknader, eller tiltak som krev dispensasjon eller uttale frå andre styresmakter.
Kva kostar det?
Når du har mottatt vedtak om det du har søkt om, må du betale gebyr for saksbehandlinga. Sjå gebyra for byggesak.
Klage på avslag?
Får du avslag på ein byggesøknad, har du høve til å klage.
Klagefristen er 3 veker frå den dagen vedtaket kom fram til den påførte adressa. Det er tilstrekkeleg at klagen er postlagt innan den dagen klagefristen går ut. Klagen kan sendast via post til Haram kommune, Strandgata 40, 6270 Brattvåg.
Klagen må:
- vere grunngitt. Klagen bør også nemne eventuelle andre opplysningar som kan ha noko å seie for kommunen si vurdering.
- ha med kva vedtak det blir klaga på.
- ha med kva endringar som eventuelt er ønska.
- vere underteikna.
Når du er ferdig
Når bygget er ferdig, må du søke kommunen om ferdigattest. Det er først når søknad om ferdigattest er godkjent, at du har lov til å ta i bruk bygninga.