Gå til DiBK for rettleiing og skjema for nabovarsling.
Slik lager du naboliste
For å finne ut kven av naboane dine som skal varslast må du hente ut ei liste frå enten «Webinnsyn» eller «Geoinnsyn» som er kartløysingane til kommunen.
Logg inn med MinID (Logg inn finn du oppe til høgre på webkartet:

MERK: Ein kan berre lage nabolister for dei eigedomane ein står som eigar av. Søk fram aktuell eigedom/adresse (evt. klikk i eigedomen på kartet). Trykk på lenka for Naboliste til venstre


Lista som blir laga blir vist i venstre del av skjermbiletet. Ønsker ein å «plukke med» fleire eigedomar (til dømes dei på motsatt side av ein veg) klikker ein på ønska eigedomar i kartet. Desse blir då med i lista. Dersom ein vil ta vekk eigedomar frå lista trykker man på X bak den aktuelle eigedomen. Desse vil då bli tatt vekk frå lista.
For å skrive ut trykker ein på lenka Utskrift og lista vil bli generert i eit nytt vindauge. Lista kan lagrast ved å trykke på lenka "Lagre". Lista vil då bli lagra i et semikolonseparert filformat (*.csv). Fila kan til dømes opnast i Microsoft Excel.
Under lenka "Utvalg" kan man gjere meir «avanserte» utval. Ein kan inngje aktuelle eigedomar (Gnr/Bnr/Fnr/Snr) og trykke "Legg til".
Ved valet "Velg med polygon" foretek ein eit utval ved å teikne eit polygon med klikk i kart (dobbeltklikk til slutt). Eigedomar innanfor polygonet blir då tatt med i lista.
Ved valet Velg med trasé foretek ein eit utval ved å teike ei linje med klikk i kart (dobbeltklikk til slutt). Eigedomar som berører linja (og evt. innanfor oppgjeven breidde av linja blir da tatt med i lista.
Med Velg med objekt vil klikk på eigedomar i kartet bli tatt med i lista. Valet Tøm tømmer lista over eigedomar. Valet Lukk let att «informasjonsvinduet».