Må du sende inn byggesøknad?

Om du skal bygge, endre eller rive eit tiltak på eigedommen din må du undersøkje  om du må søkje om løyve hos kommunen.

 Hovudregelen er at du må ha løyve frå kommunen for å oppføra ein bygning eller gjera endringar på eit bygg.

Kva kan du gjere utan å søke? 

Det er mange forhold som avgjer om eit tiltak er unnateke søknadsplikt. Det finst fleire rettleiarar der du kan undersøkje om du må sende inn ein byggjesøknad, eller om du kan sleppe å søkje. Du finn desse her: 

Sjå om du kan bygge utan å søke (eByggesøk)

Sjå kva du kan bygge utan å søke (DiBK)  

Sjekk kva du kan gjere på din eigedom 

Før du startar må du undersøkje kva planar som gjeld for eigedomen din

Det er satt rammer på kor mykje du kan utnytte eigedomen din i kommuneplanens arealdel. I tillegg kan eigedomen vere omfatta av reguleringsplanar som også kan gi meir detaljerte reglar om storleik, plassering, byggegrenser og anna. 

Slik forstår du kommunale planar (DiBK).

Korleis søke?

Slik lager du ein byggesøknad.

Send melding når du er ferdig, sjølv om du ikkje må søkje

Sjølv om du ikkje må søkje, må du sende melding til kommunen om du har bygd og der det er plassert på eigedommen. Dette er fordi det digitale kartet til kommunen må oppdaterast.

Melding om bygning eller tilbygg som er unntatt søknadsplikt.

Treng du veiledning?

Byggereglene er omfattande og det er mykje å setje seg inn i. Har du andre spørsmål kan du ta kontakt med innbyggartorget eller du kan bestille eit møte med ein byggjesaksbehandlar.