Skal du bruke bygget eller delar av det til noko anna enn det det er godkjent til? Vil du gjere loft eller kjellar om til soverom eller stove? Eller vil du gjere kontor om til bustad? Då må du søke om bruksendring.
Du kan sende byggesøknad sjølv dersom
- du endrar rombruken frå tilleggsdel til hovuddel innanfor same branncelle (for eksempel frå bod til soverom).
Søk om bruksendring for privatpersonar.
Du må sende byggesøknad med hjelp frå fagfolk dersom
- du skal etablere ei ny leilegheit eller sekundærleilegheit, for eksempel ei utleigeleilegheit.
- du skal bruke huset eller delar av det til eit anna føremål enn det du gjer i dag. Det gjeld for eksempel endring frå bustad til næringsbygg.
- du skal endre på bereveggar eller berande konstruksjonar.
- du ønsker å få godkjent ein eksisterande utleigedel som ei sjølvstendig bueining.
I slike byggesaker er det krav om at du brukar ansvarleg søkar som bindeledd mellom deg og kommunen. Ansvarleg søker kan vere eit føretak sett saman av f.eks. byggmeister, entreprenør eller arkitekt som skal ha kunnskap om plan- og bygningslova og forskriftene. Ansvarleg søkar må erklære ansvar og ha kompetanse til å gjennomføre søknadsprosessen.
Finn foretak med sentral godkjenning.