Vaksne over 16 år som har behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggjande ferdigheiter, kan også ha rett til individuell tilrettelagt opplæring.
Spesialpedagogisk opplæring i grunnskuleferdigheiter
Individuell tilrettelagt opplæring er eit tilbod om opplæring i grunnskulefaga norsk, engelsk, matematikk, samfunnsfag, naturfag, og i grunnleggande ferdigheiter som :
- lese-, skrive-, rekne- og digitale ferdigheiter
- kommunikasjonsferdigheiter
- logopedi
- hjelpemiddel ved lese- og skrivevanskar og/eller vanskar knytte til syn, høyrsel eller tale
Sjå Utdanningsdirektoratet sine sider om individuell tilrettelagt opplæring for vaksne.
Pris
Opplæringa er gratis, og skal organiserast ut frå behovet til den enkelte med omsyn til innhald, omfang, stad og tid.
Korleis få spesialundervisning?
Søk om spesialpedagogisk opplæring
Søk om logopedi for vaksne