Trygt og godt skulemiljø

Skulen skal arbeide aktivt og systematisk for å ha eit godt psykososialt miljø, der kvar einskild elev skal oppleve å vere trygg og høyre til.

Kort fortalt

  • Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som gir helse, trivsel og læring. 
  • Skulen skal ha nulltoleranse mot krenkingar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering. 
  • Veit du, eller har du mistanke om, at ditt barn ikkje har det trygt og godt på skulen, må du gi beskjed til rektor. 

«Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.»  Dette går fram av opplæringslova kapittel 12. 

Korleis seier eg frå?

  • Har du ikkje eit trygt og godt skulemiljø?
    Dersom du ikkje har eit trygt og godt skulemiljø, vil vi gjerne at du seier frå til nokon om det. Ta kontakt med til dømes lærar, helsesjukepleiar, foreldre, venner, trenar eller andre du kjenner.  
  • Har ikkje barnet ditt, eller andre barn, eit trygt og godt skolemiljø? 
    Dersom barnet ditt, eller andre barn du kjenner, opplever krenkingar, tek du kontakt med skulen og ber om eit møte med kontaktlærar og/eller rektor. Du kan ringe eller sende e-post. Dette gjeld også dersom det er ditt eige barn som krenkar andre barn.    


Ved alvorlege krenkingar kan du også seie frå til politiet. Du kan tipse politiet om det som skjer med deg eller nokon du kjenner. Du kan også melde saka. 

Tiltak i skulen

Dette skal skulen gjere dersom barnet ditt ikkje har eit trygt og godt skolemiljø:

Alle som arbeider på skulen skal følge med på om elevane har eit trygt og godt skulemiljø, og gripe inn mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering dersom det er mogleg.

Alle som arbeider på skulen skal varsle rektor dersom dei får mistanke om, eller kjennskap til, at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Rektor skal varsle skuleeigar i alvorlege tilfelle.

Ved mistanke om, eller kjennskap til, at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø, skal skulen snarast undersøke saka.

Når ein elev seier at skulemiljøet ikkje er trygt og godt, skal skulen så langt det finst eigna tiltak sørge for at eleven får eit trygt og godt skulemiljø. Det same gjeld når ei undersøking viser at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø.

Skulen skal sørge for at involverte elevar blir høyrde. Kva som er best for elevane, skal vere eit grunnleggande omsyn i skulen sitt arbeid.

Skulen skal lage ein skriftleg plan når det skal gjerast tiltak i ei sak. I planen skal det stå
a)    kva problem tiltaka skal løyse
b)    kva tiltak skulen har planlagt
c)    når tiltaka skal gjennomførast
d)    kven som er ansvarleg for gjennomføring av tiltaka
e)    når tiltaka skal evaluerast

Skulen skal dokumentere kva som blir gjort for å oppfylle denne aktivitetsplikta.

Mobbeombod

Mobbeombodet er ei ombodsteneste som skal sikre at barn og unge i Møre og Romsdal får ein trygg og god kvardag i barnehagen og på skulen.

Mobbeombodet kan svare på spørsmål, gi støtte og rettleiing til barn, elevar og foreldre som står i vanskelege situasjonar. I tillegg arbeider mobbeombodet med førebygging og held gjerne kurs og foredrag på ulike område.

Alle kan ta kontakt med mobbeombodet, som har teieplikt.

Slik tek du kontakt med Mobbeombodet

Tlf.: 712 80 433 / 911 40 259
E-post: mobbeombodet@mrfylke.no

Meir informasjon