- Elevar, foreldre og tilsette samarbeider for å skape eit godt skulemiljø.
- Samarbeidet er organisert i ei rekke utval.
Elevrådet
Elevrådet er elevane sitt høgste organ på skulen. Klassane vel ein tillitselev med vararepresentant for heile skuleåret. Tillitseleven er medlem av elevrådet ved skulen.
Elevrådet består av alle tillitsvalde og elevrådsstyret. Elevrådsstyret blir valt for 1 kalenderår om gongen.
Elevrådet behandlar saker som angår elevane og saker som skuleleiinga, lærarar og elevar ønsker at elevrådet skal uttale seg om.
Foreldreråd
Alle foreldre som har barn ved skulen, er medlem av foreldrerådet. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skulen, legge til rette for trivsel og positiv utvikling hos elevane og skape kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet.
Foreldreutval (FAU)
Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU) er eit arbeidsutval valt av foreldrerådet og er det utøvande organet for foreldrerådet.
FAU er bindeleddet mellom foreldra og skulen. FAU skal sikre reell medverknad frå foreldra og ha medansvar for at læringsmiljøet til elevane er trygt og godt.
Samarbeids- og skulemiljøutval
Alle grunnskular i kommunen skal ha eit samarbeidsutval. Utvalet er skulen sitt øvste samarbeidsorgan og består av representantar for viktige partar i skulesamfunnet.
Alle viktige partar i skulesamfunnet skal vere representerte i samarbeidsutvalet. Utvalet skal vere samansett av representantar frå undervisningspersonalet og andre tilsette ved skulen, frå foreldrerådet (FAU), frå elevane (elevrådet) og frå kommunen (rektor skal vere den eine).
Alle grunnskulane skal også ha eit skulemiljøutval (Opplæringslova § 10-5). Skulemiljøutvalet skal medverke til at skulen, dei tilsette, elevane og foreldra tar aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø. Skulemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulemiljøet, jf. Opplæringslova kapittel 12.
I skulemiljøutvalet skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skuleleiinga og kommunen vere representerte. Skulemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane frå elevar og foreldre til saman er i fleirtal.