Skulen skal vise respekt for elevane og foreldra sine religiøse og filosofiske overtydingar og sikre retten til likeverdig opplæring. Opplæringa skal ikkje vere forkynnande. Sjå Opplæringslova §14-5,6,7.
Elevar kan få fritak frå aktivitetar i opplæringa som dei med rimeleg grunn opplever som utøving av ein annan religion enn sin eigen eller tilslutning til eit anna livssyn enn sitt eige, eller som dei opplever som støytande eller krenkande. Det er ikkje nødvendig å grunngi melding om fritak.
Foreldre og føresette må sende ei skriftleg melding til skulen om kva for aktivitetar de ynskjer at barnet skal ha fritak frå. Elevar over 15 år kan sjølve gi skriftleg beskjed til skulen utan samtykke frå foreldre og føresette.
Fritaket gjeld ikkje kunnskapsinnhaldet i faga. Skulen skal legge til rette for at eleven får anna undervisning, men med same kunnskapsinnhald, innafor læreplanen.
Fritaksretten gjeld i alle fag.
Veileder frå Utdanningsdirektoratet om skolegudstjenester
Søk om fritak frå religionspregede aktiviteter i skulen