Kva er bekymringsfullt fråvær?
Barn og unge i Noreg har plikt og rett til grunnskuleopplæring. Nokre gonger opplever barn likevel store vanskar med å komme seg til skulen eller med å halde ut skuledagen. Dette kan skape ein svært krevande situasjon både for barnet, familien og for skulen. For eleven kan det få alvorlege konsekvensar både fagleg og sosialt, og det kan gå ut over den psykiske helsa med isolasjon, svekka sjølvkjensle og einsemd.
Det kan vere mange og komplekse grunnar til skulefråværet. Uavhengig av årsak, er relasjonar ofte det viktigaste for å klare å møte og vere på skulen for dei aller fleste barna og unge. Dette inkluderer både relasjonar til både jamaldra, lærarar og familie.
Det er fleire som kan hjelpe
Når eit barn har urovekkande skulefråvær, kan det vere nødvendig at fleire tenester i kommunen samarbeider med skule og foreldre. Dette samarbeidet kan bidra til å identifisere og adressere dei underliggande årsakene til skulefråværet og utvikle individuelt tilpassa løysingar for barnet.
Ei tverrfagleg ressursgruppe trer inn når skulen og foreldre opplever at tiltaka i arbeidet ikkje fører fram og ein har behov for å trekke inn fleire fagområde i ein samla innsats. I Haram kommune består denne gruppa av:
- Skuleleiinga
- PPT
- Ressursbasen
- Barneverntenesten
- Skulehelsetenesten