Søk om fri i skuleåret

Du kan søke om permisjon frå undervisning i opptil 10 skuledagar. Her finn du informasjon om kva du bør ta omsyn til og korleis du søkjer.

Alle har rett til å søke permisjon frå skolen

I opplæringslova heiter det at: "Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker". 

Når permisjonen blir innvilga fråskriv elevane seg retten til opplæringa i den perioden.

Kor mange dagar kan du søke om?

Du kan søke om permisjon frå skulen i inntil to veker (ti skuledagar). Det er opp til skulen å vurdere om ein elev skal få innvilga permisjon. Skulen kan avslå søknaden sjølv om det er forsvarleg for den enkelte elev å få fri.

Når kan eleven få permisjon?

Det blir som hovudregel ikkje gitt permisjon i perioder med førebuing og gjennomføring av:

  • Statlege kartleggingsprøver
  • Nasjonale prøver
  • Eksamenar, munnleg og skriftleg
  • Prøver og vurderingssituasjonar slik det går fram av skolen sin terminplan/prøveplan

  Sjå skuleruta

Permisjon elevar har krav på

  • Medlemmer av trussamfunn utanfor Den norske kyrkja har rett til fri på heilagdagar for sitt trussamfunn dersom dei søker om permisjon.

Vi kan innvilge permisjon for

  • Spesielle arrangement og markeringar (politisk arbeid, organisasjonsarbeid, familiehendingar/feiringar)
  • Idrett og kulturell konkurranse/stemne på høgt nivå

Søknadsfrist

Søk om permisjon i god tid før de ønsker permisjon, helst tre veker før.

Søknad

Fritak frå aktivitetar i opplæringa

Elevar får fritak frå undervisning dersom dei føresette eller elevane sjølve opplever at dette inneber å utøve ein annan religion eller eit anna livssyn enn sitt eige. Føresette må sende skriftleg melding til skulen.

Veileder frå Utdanningsdirektoratet om skulegudstenester