Søvik skule er ein dysleksivenleg skole. Det betyr at vi har gode system for å følgje opp elevane si faglege utvikling. Skolen brukar SOL (systematisk observasjon av lesing) og VFL (Vurdering for læring) som verktøy. Vi har eit sterkt fokus på læringsmiljø og trivsel som vi arbeider systematisk med. Vi har utdanna AART- instruktørar. TL (trivselsleiarane) er viktige for positiv aktivitet i friminutta.
Dei tilsette er opptekne av å bruke læringsmetodar som aktiverer heile barnet. Leik og fysisk aktivitet er ein viktig del av skulekvardagen. Skulen er inne i ei sterk satsing på digitale læremiddel.