Ver mot andre slik du vil at andre skal vere mot deg!
Forskrift om reglement for orden og åtferd ved Brattvåg barneskule
Heimel
Kommunen og fylkeskommunen skal gi forskrifter om ordensreglement for den enkelte grunnskule og vidaregåande skule, jf. opplæringsloven § 9 A-10.
Formål
Skulen skal vere prega av samarbeid, trivsel, respekt, medansvar og inkludering. Ordensreglementet er eit verkemiddel for å nå denne målsettinga og for å sikre at skulesamfunnet skal vere ein plass der alle trivst og får høve til å gjere ein god jobb. Det er viktig å legge til rette for elevmedverknad.
Generell orden og åtferd skal gi elevane gode høve til læring og utvikling. Det er difor viktig å skape eit godt arbeidsmiljø for både elevar og tilsette på skulen. Ei av dei viktigaste oppgåvene skulen har, i samarbeid med føresette, er å sikre at elevane skaffar seg sosial dugleik som er naudsynt for å fungere i samfunnet.
På Brattvåg barneskule set vi krav til barn og unge si åtferd. God og omsynsfull åtferd bidreg til eit godt samarbeidsklima, og dette er grunnlaget for eit godt læringsmiljø. Alle skal følgje vanlege reglar i samfunnet, blant anna alminneleg god folkeskikk.
Ordensreglementet skal bidra til at elevar, tilsette og foreldre/føresette har ei felles forståing av kva som er ønskja orden og åtferd i skulekvardagen.
Verkeområde
I tillegg til eit felles ordensreglement, vert det gitt mynde til å gi utfyllande trivselsreglar på trinnet. Ordensreglementet inneheld reglar for åtferd, reglar for tiltak som kan bli brukt overfor elevar som bryt reglementet, og reglar for framgangsmåten når slike saker skal bli behandla. Ordensreglementet gjeld for alle aktivitetar i skulen sin regi, også skulevegen.
Elevane sine rettar
Eit godt fysisk og psykisk skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. jf. Opplæringslova § 9A.
a) Å bli møtt med respekt av alle
b) Å få medansvar for eit trygt og inkluderande skulemiljø
c) Å få hjelp til å løyse konfliktar som oppstår som del av skulekvardagen
d) Å få ei tilpassa opplæring med konstruktive tilbakemeldingar
Orden og åtferd
Elevane sine plikter
a) Vise omsyn og respekt for andre.
b) Halde arbeidsro og kome presis til timane.
c) Halde god orden ute og inne.
d) Ta godt vare på alt som høyrer skulen til, både ute og inne, og stelle fint med skulebøker og anna undervisningsmateriell.
e) Elevane skal berre ha med seg skuleutstyr, med mindre anna er avtalt med skulen.
f) Ta godt vare på personlege eigedelar. Om ein tek med verdisaker på skulen er det under eige ansvar.
g) La sykkelen/sparkesykkelen stå parkert i skuletida, om ikkje anna er avtalt.
Dette er ikkje tillat:
a) Å mobbe, krenke, skape ubehag for andre; ved td. utestenging, rasisme, utfrysing, baksnakking, truing og banning.
b) Ha med seg eller nytte godteri, søte kaker og brus-/energidrikk på skulen når ikkje anna er avtalt.
c) Fysiske-, valdelege- eller verbale angrep på andre.
Mobbing og vald
a) Mobbing er fysiske- og/eller psykiske angrep som over tid er retta mot ein eller fleire elevar og/eller tilsette. Mobbing, vald eller truslar om vald er ikkje akseptert ved skulen.
b) Skulen har eigen handlingsplan mot mobbing og vald. Ved mobbing eller vald vil alle involverte parter sine føresette bli kontakta. Ulovlege høve av alvorleg grad vil bli meldt til politiet.
Fråver
Barn og unge har rett og plikt til grunnskuleopplæring. Kontaktlærar kan gje fri i inntil 1 – ein dag. Når det er forsvarleg, kan rektor etter søknad, gi den enkelte elev permisjon i inntil to veker. Elektronisk søknadskjema skal nyttast minst 4-fire veker før permisjonen skal starte.
Fråver utover dette er å rekne for at eleven er tatt ut av skulen. Eleven sine føresette må da dokumentere at barnet får tilsvarande opplæring i ein annan skule eller ved heimeundervisning. Dersom eleven kjem for seint utan melding eller er ulovleg borte frå skulen, vil eleven sine føresette bli kontakta. Ber om at fråver blir meldt både i IST og til kontaktlærar før kl. 0845 same dag.
Ein skal ha melding frå heimen når:
a) Eleven skal ha planlagt fråvær frå skulen.
b) Eleven ikkje kan delta aktivt i faga som td. kroppsøving eller symjing.
c) Eleven er borte frå skulen.
Farlege gjenstandar
Mobil
Skulen sine reglar for mobilbruk.
a) 1. -7. trinn: Ingen bruk av mobiltelefon, inkludert smartklokke og liknande, utan etter avtale med skulen. Dersom mobilen/smartklokke er med skal den ligge avslått i sekken. Gjeld også på tur med mindre anna er avtalt med lærar.
Mobilhotell for 5. - 7. trinn.
Tiltak for brot på ordensreglementet – sanksjonar
Alle sanksjonane skal vere slik at elevane skal forstå kva for reglar som er brotne og kvifor skulen må reagere på dette. Eleven skal, om det er mogleg, bli gitt høve til å gjere opp for seg. Brot på reglar som følgje av lov eller reglement blir sanksjonert.
Skulen vil normalt bruke følgjande sanksjonar mot brot på ordensreglane:
a) Munnleg irettesetting
b) Munnleg melding til foreldre/føresette
c) Skriftleg melding til foreldre/føresette.
d) Pålegg om å utføre oppgåver for å rette opp skade dei har påført skulen sin eigedom (rydde søppel, vaske golv, fjerne tagging og liknande)
e) Vere til stades på skulen før eller etter skuletid i samband med samtalar med lærar/rektor og/eller utføring av pålagte oppgåver.
f) Mobilar kan bli tatt inn og føresette må hente mobilen tilbake i kontortida
Bortvising
Ved bruk av vald og/eller truslar, særleg provoserande åtferd eller andre grove brot på ordensreglementet, kan elevar visast bort frå klassen eller gruppa. (jf Opplæringslova § 9 A-11)
Skulen tek kontakt med heimen i slike saker. Eleven kan visast bort:
a) Frå klassen/gruppa for resten av timen
b) Frå skulen for resten av skuledagen etter avgjerd av rektor
c) Når ein elev hindrar andre elevar si læring og nektar å ta imot beskjed frå lærar/fagpersonell, kan skulen kontakte føresette som anten må ta ansvar for eleven på skulen, eller ta eleven med heim.
Straffbare høve
Ut frå omsynet til orden på skulen, ivaretaking av elevane og dei tilsette, og som normgivande signal, skal straffbare høve meldast til politiet. Det kan dreie seg om nasking, tjuveri, rasisme, vald, seksuell krenkande åtferd, lekamsskading, utpressing, tvang, hærverk/skadeverk, truslar og medbringing/bruk av våpen. Forholdet vil bli meldt til politiet uavhengig av om offer er elev eller tilsett. Rektor skal informere eleven sine føresette før melding blir utforma. Rektor må i kvart enkelt høve vege omsynet til den enkelte elev opp mot skulen sitt generelle ansvar for oppseding, før grunnlag for melding til politiet blir gitt.
Sakshandsaming
Sanksjonar som vert regulert i ordensreglementet har heimel i opplæringsloven § 9 A-10, samt reglane for handsaming i Forvaltningslova kap III – kap VI ved enkeltvedtak. Ved avgjerd som ikkje er enkeltvedtak, skal følgjande sakshandsamingsreglar uansett gjelde:
a) Skulen pliktar å sjå til at saka er så godt opplyst som mogeleg, og avgjerda skal treffast på eit grunnlag som er forsvarleg etter art og karakter av saka.
b) Eleven skal varslast og få relevante opplysningar i saka med høve til å uttale seg før avgjerda treffast. I alvorlege saker skal føresette bli kontakta. Varselet kan bli gitt munnleg, men ved avgjerd av særleg vekt, bør varselet bli gitt skriftleg.
c) Avgjerd om utvisning skal alltid grunngjevast. Grunngjeving skal bli gitt samstundes med varsel om avgjerd til eleven, med mindre særskilte tilhøve gjer dette vanskeleg.
d) Ved gjentakande brot vil skulen kontakte andre relevante instansar som td. Helsesjukepleiar, førebyggande eining i politiet og/eller barnevern.
Reglementet for orden og åtferd, både det kommunale og lokale trivselsreglar, skal gjerast kjent for elevar, føresette/foreldre og tilsette kvart år ved starten på skuleåret. Dette ansvaret ligg på kontaktlærar. Reglementet skal til ei kvar tid vere tilgjengeleg på skulen/kommunen sine nettsider.