Oppfølging av elevfråvær

Haram kommune har eit mål om å førebygge at elevar får høgt fråvær frå skulen, og har laga rutinar for dette arbeidet.

Opplæringslova (§10-6) gir kommunane skjerpa plikt til å følge opp elevane sitt skulefråvær. Haram kommune har rutinar som gjeld dette, og ein rettleiar for kva ein kan gjere når elevar har bekymringsfullt høgt fråvær. 

Sentrale punkt frå rutinane:

  • Fokus på størst mogleg nærvær i gode og trygge skulemiljø.  
  • Kvart skuleår består av 190 skuledagar. Dersom ein elev er borte 10 undervisningsdagar kvart skuleår, utgjer dette eit halvt års skulegang i løpet av grunnskulen. Dette vil vere uheldig for dei fleste elevar. 
  • Haram kommune har sett ei bekymringsgrense ved 10 % fråvær.
  • Det skal vere høg terskel for å vere heime ved sjukdom (feber/oppkast) eller for å søke permisjon. Alt fråvær skal meldast til skulen.
  • Oversyn over fråværet til den enkelte elev finn føresette i IST-Home- appen under «Meny- Fråværsstatistikk.» 
  • Kontaktlærarane tek rutinemessig kontakt med føresette ved bekymringsfullt fråvær. 
  • For elevar med ufrivilleg høgt skulefråvær, vil skulane be føresette om samtykke til å drøfte saka i kommunen sitt nærværsteam.

 

Ved søknad om permisjon: