Elevar med andre morsmål enn norsk og samisk
Elevar som ikkje kan nok norsk til å følge ordinær undervisning, har rett til særskilt norskopplæring, tospråkleg fagopplæring og/eller morsmålsundervisning.
- Elevar som ikkje kan nok norsk til å følgje ordinær undervisning har rett til særskild språkopplæring.
- Skulen kartlegg behovet og rektor gjer vedtak.
Kven har rett på særskild språkopplæring?
Elevar som ikkje kan nok norsk til å følgje ordinær undervisning har rett til særskild språkopplæring.
Kva typar språkopplæring finst?
- Språkopplæringa kan bli gitt som særskild norskopplæring, tospråkleg fagopplæring og/eller morsmålsopplæring.
- Særskild norskopplæring er forsterka opplæring i norsk.
- Tospråkleg fagopplæring betyr at ein har opplæring i fag på to språk, medan morsmålsopplæring er opplæring i morsmålet.
- Opplæringa blir gitt på heimeskulen.
Korleis få særskild språkopplæring?
- Skulen må kartleggje og vurdere om eleven har tilstrekkelege norskferdigheiter eller ikkje, og dermed kva slags undervisningstilbod eleven har rett til.
- Skulen fattar eit enkeltvedtak, der det kjem fram om eleven har rett til særskild norskopplæring, tospråkleg fagopplæring og/eller morsmålsopplæring.
- Skulen set i gong med tiltak og bestiller særskilt opplæring.
Viss du som elev eller forelder ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klage til statsforvaltaren i fylket ditt.
Publisert 31.08.2023 09.43
Sist endra 13.10.2023 13.47