Samisk opplæring

Samiske barn (barn av foreldre som står i eller har rett til å stå i samemanntalet) har rett til å få opplæring i samisk, samme kvar dei bur.

Kva inneber retten?

  • Elevane (føresette) får velje kva for eit samisk språk dei skal ha opplæring i, – nordsamisk, lulesamisk eller sørsamisk.
  • Elevane kan velje samisk som første- eller andrespråk.
  • Skuleeigar må tilby alternativ opplæring (til dømes fjernundervisning) dersom det ikkje finst eigna personale.
  • Undervisning i faget følgjer læreplanverket Kunnskapsløftet
  • På barneskulen er det foreldre/føresette som avgjer om barna skal lære seg samisk, medan det er ungdommen sjølv som bestemmer dette frå og med 8. trinn.
  • Elevane er fritekne frå framandspråk/språkleg fordjuping, men har rett til å velje ei slik fordjuping dersom dei ønsker det (på ungdomstrinnet).

Slik søker du

Ta kontakt med skulen din i god tid før skulestart.

Skulen treng å vite: 

  • kva for eit samisk språk det blir ønska opplæring på.
  • om de ønsker opplæring i samisk som førstespråk eller andrespråk.

Meir informasjon

Retten til samisk opplæring (Utdanningsdirektoratet)
Kunnskapsløftet 2020 - samisk (Utdanningsdirektoratet)