Undervisning i heimen

I Norge har barn opplæringsplikt. Opplæringa skal skje i offentleg eller privat skule, eller som undervisning i heimen.

Dersom du ut frå ideologi eller religion ønsker å undervise barna dine heime, kan du det under føresetnad av at innhaldet i undervisninga følger opplæringslova sine krav.

Kommunen fører tilsyn med heimeundervisninga i samarbeid med foreldra og kan også kalle barnet eller ungdommen inn til spesielle prøver. Dersom lova sine krav til heimeundervisninga ikkje er oppfylt, skal kommunen kreve at barnet byrjar på skule.

Kriterium

Formell pedagogisk kompetanse er ikkje påkrevd. Innhaldet i undervisninga må følge bestemmingar gitt i opplæringslova med forskrifter. Privat heimeundervisning må avgrensast mot skuleverksemd. Dersom ein underviser andre sine barn, er det skuleverksemd som må godkjennast av departementet.

Målgruppe

Foreldre til elevar i grunnskolen som ut frå ideologiske og/eller religiøse/livssynsmessige grunnar ser heimeundervisning som det beste for barna.

Pris

Kommunen pliktar ikkje å halde elevane med lærebøker og undervisningsmateriell når dei får undervisning i heimen. Retten til heimeundervisning gir ikkje rett til økonomisk kompensasjon frå kommunen. Elevar som får heimeundervisning har ikkje rett til spesialundervisning.

Lover og retningsliner

Opplæringslova §2-1§2-2 og §22-5.

Lover

Om søknadsprosessen

Du melder frå skriftleg til kommunen om at du skal starte med heimeundervisning. Ta eventuelt kontakt med skulen i den kretsen du bur i.