Bytte skule

Elevar får tildelt skuleplass i skulekrinsen der dei har folkeregistrert adresse det året dei fyller fem år. Ønsker du at barnet skal gå på ein annan skule kan du søke om det.

Utgangspunktet for eleven sin rett til skulegong er nærskuleprinsippet, jf oppl. § 8-1 første avsnitt. Det skal særlege grunnar til for å innvilge skuleplass i ein annan skulekrets enn der barnet bur.

I Haram kommune vil det i nokre saker vere særlege tilfelle som likevel vil gi eleven rett til å gå på ein skule utanfor eigen skulekrets. Dette kan vere:

  • Eleven har behov som gjer at eleven bør få eit tilbod på ein skule med særleg spesialkompetanse. Til dømes kan dette vere ein skule med kompetanse innanfor språkopplæring for elevar som er nye i Norge, kompetanse innan høyrsle eller kompetanse innan utviklingshemming/autisme.
  • Eleven har søsken ved ein skule (søsken bør få gå på same skule dersom føresette ønsker det, slik at ein kan unngå at ein familie må ha barn ved ulike skular).
  • Eleven har ein føresett som bur i den skulekrinsen som eleven blir søkt inn i.
  • Elevar som har nedsett funksjonsevne har eit særlig vern med omsyn til bytte av skule, jf konvensjonen for personar med nedsett funksjonsevne, slik at ein må vurdere risiko særskilt i kvart tilfelle. 

I kvar sak må kommunen ta omsyn til skulen sin ressurssituasjon, dvs. skulen sin kapasitet. Dette omsynet kan gjerast gjeldande når skulen sine lokale ikkje har plass til fleire elevar. Kommunen kan då plassere elevar med minst tilhøyrsle  ut i frå andre omsyn, på ein skule med kapasitet. Rettane etter oppl § 8-1 vil difor ikkje kunne tvinge fram eit krav om utviding av skulen sine lokale. 

Korleis søke

Ta direkte kontakt med nærskulen. Rektor ved skulen vil gi informasjon om vidare saksgang.