Prisar for SFO- skulefritidsordning frå 01.02.2024
12 timar gratis SFO
Regjeringa har innført 12 timar gratis SFO i veka for 1., 2. og 3. trinn. Dersom du berre vil nytte desse 12 timane, blir dette ein gratisplass.
Haram kommune har valt å legge gratistimane til kvar dag rett etter at skuledagen er slutt. Det vil seie 2 timar og 24 minutt kvar dag etter skuletid.
Det er ikkje mogleg å samle opp timane.
Om du har gratisplass og ønsker å nytte full dag i haust- eller vinterferie, må du betale halv dagpris per dag du nyttar.
For elevar på 1., 2. og 3. trinn som har 5 dagar, 4 dagar eller 3 dagar i SFO, blir prisen redusert med 12 timar. Dette fråtrekket skjer automatisk, og du vil sjå det på fakturaen.