Seie opp plassen
Det er ein månad oppseiingsfrist, rekna frå og med den 1. i månaden etter at du har levert oppseiinga di. Det skal betalast for heile oppseiingsmånaden.
Det er ikkje mogleg å søke om permisjon frå SFO. Dersom du ikkje treng plassen ein periode, må du seie han opp, og søke om plass på nytt når du treng han igjen.
Oppseiing og endring av opphaldstid for månadane april, mai og juni må gjerast innan 1.mars. Ved seinare oppseiing må det betalast ut juni månad. Sjå punkt 9 i forskrifta.
Endre plasstype
Dersom du ønsker å endre tida barnet ditt har SFO, må du sjå på kva for kategoriar som finst. Endring i plasstypen skal tre i kraft frå den 1. i månaden endringa skal gjelde frå.
Ved reduksjon i opphaldstid, gjeld dei same reglane som for oppseiingstid. Plassen kan berre reduserast ein gong pr. halvår.
Gå til Føresettportalen for å endre eller sei opp SFO-plassen