Ingen hushaldningar skal betale meir enn 6% av inntekta si for ein barnehageplass, avgrensa opp til maksimalpris. Inntektsgrensa er kr 128 333,- for heil plass.
Gratis kjernetid
Alle 2-, 3-, 4- og 5-åringar og barn med utsett skulestart som bur i hushaldningar med samla årsinntekt under kr. 692 465,- har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Dette blir kalla gratis kjernetid.
Dette må du vite før du søker
- Føresett som søker må bu på same folkeregistrerte adresse som barnet.
- Du må søke om redusert foreldrebetaling til kommunen du er folkeregistrert i, sjølv om barnet går i barnehage i ein annan kommune.
- Vedtak om redusert foreldrebetaling gjeld for inntil eitt barnehageår om gongen. Ein må difor søke på nytt for kvart barnehageår.
- Søknadar levert innan 1. august gjeld for heile barnehageåret, med mindre det framgår noko anna av vedtaket.
- Du kan søke heile året. Vedtaket vil då gjelde frå første heile månad etter søknadstidspunktet. Vedtaket har ikkje tilbakeverkande kraft.
- Søknaden blir ikkje ferdigbehandla før tilstrekkeleg dokumentasjon er levert.
- Alle søknadar blir vurdert individuelt.
Inntekt og definisjon av hushaldning
Inntekta som blir lagt til grunn er hushaldninga si samla brutto person- og kapitalinntekt (inntekt før skatt). Siste tilgjengelege skattemelding blir lagt til grunn for berekning av reduksjon. Om inntekta har endra seg sidan siste skattemelding må oppdatert inntektsdokumentasjon leggast ved søknaden.
Omgrepet “hushaldning” omfattar i tillegg til ektefeller og registrerte partnarar, også sambuarar. Med sambuar er meint to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapeleg forhold i minst 12 av dei siste 18 månadane, eller har felles barn. Om desse vilkåra er oppfylt skal altså inntekt til sambuar takast med sjølv om vedkomande ikkje er forelder til barnet.
Kostpengar (matpengar) kjem i tillegg til foreldrebetalinga.
Endring i inntekt
Ved vesentleg og varig endring i hushaldninga si inntekt i løpet av året skal det leverast ny søknad med oppdatert inntektsdokumentasjon. Med vesentleg og varig endring meiner ein mellom anna stort inntektstap som følge av langvarig arbeidsløyse, endring i samansetninga til hushaldninga eller liknande.
Søknadsskjema
Søk om redusert foreldrebetaling i barnehage og SFO