Barnehageplassen forfell til betaling den 20. kvar månad. Om du ikkje har oppretta e-faktura eller avtalegiro, blir faktura sendt til di adresse i folkeregisteret. Det er kundenummer som er e-faktura id, og kundenummeret står oppe på høgre side av fakturaen.
Du må betale frå den datoen barnet har fått tildelt plass i barnehagen.
Kva skjer om du ikkje betalar for barnehageplassen?
Dersom betalinga ikkje er i orden, vil ikkje barnet få behalde plassen. Vi sender varsel etter første månad med manglande betaling. Dersom det uteståande beløpet IKKJE blir betalt innan fristen, sender vi oppseiing av barnehageplassen.
Barn av familiar med uteståande opphaldsbetaling frå kommunal barnehage eller skulefritidsordning, blir ikkje tildelt barnehageplass før tidlegare uteståande opphaldsbetaling er oppgjort.