Trygg overgang frå barnehage til SFO og skule

Å starte på skulen er ei stor hending i alle barn sitt liv. Barnehagane og skulane samarbeidar for at overgangen frå å vere barnehagebarn til å bli skuleelev skal bli trygg og god.

Haram kommune har laga ein plan for overgangen som skal sikre:  

  • ein god samanheng og progresjon i opplæringa som varetar fagleg og sosial utvikling for barnet – det siste året i barnehagen og det første året på skulen 
  • ein trygg skulestart for barn som begynner på 1. trinn og for deira føresette
  • tidleg innsats for barn med særskilde behov 
  • gode rutinar for samarbeid mellom barnehagar, skular og SFO 

Korleis førebu barna best mogleg til skulestart?  

Ein god overgang for det enkelte barn føreset utvikling av gode og trygge rammer, samt gode verdiar og gode haldningar. Barnehage, skule og føresette bør samarbeide omkring det enkelte barn si utvikling og læring. 

Kva skjer fram mot skulestart?

  • Førskuleopplegg i barnehagane.
  • Innskriving: Skulane sender ut invitasjon til innskrivingsdag, som vanligvis er i midten av januar. Dette er det første møtet med skulen.
  • Registrering: Skulane sender ut eit brev om kva skule barnet har fått reservert skuleplass på. Dette blir sendt ut i midten av januar. Føresette skal bekrefte eller gjere endringar digitalt.
  • Tilbod om skuleplass: Skulane sender ut eit brev med tilbod om skuleplass.