Samarbeid mellom heim og barnehage

God dialog mellom barnehage og heim er viktig. Barnehagen skal legge til rette for at føresette får moglegheit til å påverke tilbodet.

Foreldremøte og foreldrerådsmøte

Blir halde samla for alle foreldra i barnehagen.

Foreldresamtalar 

Ein samtale mellom deg og barnehagepersonalet der de snakkar om trivsel, utvikling og aktivitetane til barnet i barnehagen. Samtalen er individuell og vert gjennomført to gongar i året i dei kommunale barnehagane.

Samarbeidsutvalet (SU)

Består av like mange representantar frå foreldre og tilsette i barnehagen. Eigaren av barnehagen kan også delta. Det er eit rådgivande, kontaktskapande og samordnande organ, som skal fastsette årsplanen, og drøfte innhaldet og prioriteringane til barnehagen.

Vil du vite meir?

Les meir på nettsidene til det nasjonale Foreldreutvalet for barnehagar