Mobbing i barnehagen er når eit barn ikkje føler seg betydningsfull for fellesskapet.
Foreldreansvar
Som foreldre er du den viktigaste støtta til barnet. Du kjenner ditt eige barn best, og du kan vere til stor hjelp for barnehagen. Mistenker du at barnet ditt vert mobba må du ta kontakt med barnehagen. Det er lågterskel for å snakke om mobbing i barnehagen.
Som føresett er du rollemodell for barnet ditt. Det er viktig at du hjelper barnet ditt å ta inkluderande val. Måten andre barn og familiar vert snakka om heime kan ha noko å seie for relasjonane til barn i barnehagen.
Ansvaret til barnehagen
Det er barnehagen sitt ansvar å ta mobbing på alvor og lage ein plan for å førebygge mobbing, samt ein aktivitetsplan om mobbing oppstår. Det er barnehagen sitt ansvar å sikre eit samarbeid med deg som foreldre. Du skal vere informert og involvert i prosessen.
Barnehagen bør informere foreldre om handlingsplan mot mobbing, og ha mobbing som eit tema på foreldremøte.
Barnehagen kan ikkje gjere jobben åleine, og det er viktig at du som foreldre samarbeider med barnehagen.