Barna sitt arbeidsmiljø i barnehagar og skular

Verksemder som har tilsyn med - og omsorg for barn, må tilfredsstille krava til miljøfaktorar som kan ha innverknad på barn si helse. 

Miljøet i barnehagar og skular skal fremme helse, trivsel og gode sosiale og miljømessige forhold, og førebygge sjukdom og skade.

Barna sitt arbeidsmiljø og bygningar

Kommunen skal godkjenne og føre tilsyn med miljøet i alle barnehagar og skular etter forskrift om helse og miljø i barnehager, skoler og skolefritidsordninger. Dette gjeld også for mindre verksemder for barnepass (dagmamma).

Kommuneoverlegen skal godkjenne nye barnehagar og skular, og dessutan rehabiliteringar, tilbygg/tilleggsareal og mellombelse lokale.

Les meir om tilsyn og kontroll med næringsverksemd

Varslingsplikt

Når det skjer alvorlege hendingar, ulykker og nestenulykker ved barnehagar og skular, skal leiinga ved tenesta melde dette til kommunen. Kommunale tenester melder gjennom internt varslingssystem. Døme på type hendingar/forhald som skal meldast: 

  • Skade på barn/elevar som krev omfattande legebehandling (alvorlege brotskadar, hjerneristing eller liknande).
  • Hendingar som kunne vore potensielt livstrugande (barn som går gjennom isen, barn som handterar farleg verktøy/utstyr tenkt for vaksne).
  • Hendingar der barn har forsvunne frå barnehagen/skulen eller frå barnegruppa på tur.
  • Vedvarande utfordringar med inneklima (ventilasjonsanlegg og/eller oppvarmingsanlegg som ikkje fungerer over tid, mistanke om fuktskadar som gir helseplager).
  • Skadedyr og tiltak mot skadedyr der det blir brukt kjemiske middel.
  • Oppussingsarbeid som gir støy, lukt, støv eller utfordringar med tryggleiken.
  • Eksterne forhald som skulen/barnehagen ikkje er ansvarleg for sjølv (støy, støv osv.).
  • Alvorlege og vedvarande utfordringar i det psykososiale miljøet.

Rettleiar