Ferie og fridagar i barnehagane

Her finn du informasjon om feriar og planleggingsdagar i barnehagane.

Kort fortalt

  • Alle barn skal ha minst fire veker ferie i løpet av eit barnehageår, tre av vekene skal takast ut samanhengande på sommaren.
  • Barnehagane fastset eigne planleggingsdagar.

Når er kommunale barnehagar stengde? 

  • Dei kommunale barnehagane er stengd laurdag, søndag, heilagdagar, offentlege fridagar, julaftan og nyttårsaftan.
  • Ferieavvikling er ulik frå barnehage til barnehage, men i følgje vedtektene kan dei halde stengt inntil tre veker i samband med ferie.
  • Barnehagane er stengd når det er planleggingsdagar, fem dagar i året. Kontakt barnehagen din for oversikt over planleggingsdagar.

Når er private barnehagar stengde? 

Private barnehagar har eigne vedtekter som bestemmer opningstida. Dersom barnehagane er feriestengde, vil du finne informasjon om dette i vedtektene deira.  Vedtektene finn du på barnehagane sine eigne sider. 

Barnehagane i Haram