Private barnehagar som ønsker å etablere eller utvide etablert barnehagedrift må søke til Haram kommune om tilskot. Vedtak om tildeling av tilskot for nye barnehagar/nye barnehageplassar vert gjort politisk.
Satsar
Satsane for tilskot til drift av private barnehagar blir rekna ut frå gjennomsnittlege driftsutgifter i kommunen sine eigne barnehagar. Grunnlaget for rekninga er kommunerekneskapen to år før tilskotsåret. Tilskotssatsen blir indeksregulert med ein kommunal deflator.
Det blir rekna ein sats for barn under tre år og ein sats for barn over tre år. Barn blir rekna som under tre år i månadane januar til og med juli, og som over tre år i månadane august til og med desember.
Det skal reknast satsar for ordinære barnehagar og familiebarnehagar. Dersom Haram kommune ikkje har kommunale familiebarnehagar, blir det brukt nasjonale satsar for tilskot.
Kommunen skal fatte vedtak om sats innan 31.10. kvar år.
Tildeling
Kommunen skal fatte vedtak om tilskot innan 1. februar. Justert vedtak for perioden f.o.m. september t.o.m. desember skal fattast innan 1. oktober. Tilskot blir utbetalt forskotsvis kvart kvartal med avrekning på 2. og 4. kvartal.
Krav til den som mottek tilskot
- Rapportering i samsvar med lokale retningsliner for tildeling av offentlege tilskot
- Innsending av endringsmelding ved store aktivitetsendringar
- Følge krava om kvalitet i barnehage, planar og lovverk for barnehagar, forskrift om tildeling av tilskot til private barnehagar og lokale retningslinjer. Sjå «Forskrifter og retningslinjer».
Forskrift og retningsliner
Rapportering 1. september
Digitalt søknadsskjema for tilskot private barnehagar vert opna 19.08.2024, for rapportering av barnetal per 1. september 2024.
Rapporteringsskjema for private barnehagar i Haram kommune dannar grunnlag for eventuelt nytt vedtak om kommunalt tilskot for månadane september-desember.
Det blir presisert at barnehagane skal rapportere barnetal per 1. september og dei barna som vart tekne inn ved hovudopptaket, har rett på plass og startar den månaden dei fyller 1 år (for barn født september-november).
Her finn du skjema for rapportering for privat barnehagar i Haram kommune
Søskenmoderasjon
Private barnehagar vil få refundert søskenmoderasjon etter rapportar tatt ut frå IST. Det er viktig at søsken ligg inne med same berekningsgrunn, InntektID 1 og rekningsmottakar til ein kvar tid.
Refusjonane vert utbetalt 2 gongar pr år, i juni og desember.