Vi hevdar at tryggleik gir grunnlag for gode relasjonar og godt samspel. Først når vi er trygge kan vi utvikle oss, leike og lære. For å bli trygge er vi avhengige av god tilknyting, gjensidig tillit og respekt.
Tillit vil seie at vi stoler på kvarandre og meiner at den andre har gode hensikter i samhandlinga.
I barnehagen vil vi møte kvarandre med omsorg, rausheit og anerkjenning. For oss er det viktig at barna får kjenne på meistring på eige nivå, samtidig som dei får utfordringar dei kan vekse på. Vi vil slik legge grunnlaget for å utvikle trygge barn med ei god sjølvkjensle.
Vi tek kvarandre på alvor gjennom å lytte til kvarandre og syne respekt for både eigne og andre sine grenser.
Vi tek barna sin leik på alvor, og meiner den har verdi i seg sjølv. Vi vektlegg aktive og nære vaksne. På denne måten kan vi komme nær barna i leik, skjerme god leik, gi felles opplevingar og auke leikerepertoaret.
Stemninga i barnehagen ber preg av imøtekommande tilsette, ei god atmosfære og ei kjensle av at dette er ein god plass å vere. Leik, humor og glede er viktige kjenneteikn, og noko vi sett høgt i vårt arbeid.
For oss er det viktig at barna får vere ein del av eit fellesskap og medverke i eige liv. Det er viktig å kunne ta eigne val og stå opp for eigne meiningar. Vi tek kvarandre på alvor gjennom å lytte til kvarandre og syner respekt for både eigne, og andre sine grenser. Barna sine interesser, behov og deira initiativ får konsekvensar for det pedagogiske arbeidet og utforming av det fysiske miljøet. Det krev vaksne som ser potensiale og kan utnytte denne ressursen .