I Longva barnehage skal alle kjenne seg velkomne og trygge, og vi legg vekt på å fremme eit inkluderande barnehagemiljø. Alle skal kjenne at dei høyre til, og at dei har ein verdi i fellesskapet.
Her skal alle få omsorg, kjenne seg trygge og bli møtt med tillit og respekt. Arbeidsmåtane skal ivareta barna sine behov for omsorg og leik, fremje læring og danning og gi barna høve til å medverke.
Aktivitetane skal fremme samarbeid og vennskap på tvers av barna sin alder, gi barna felles opplevingar og sørge for at kvart enkelt vert sett, høyrt og anerkjent.
Vaksne skal skape ein god kultur, der vi skal framsnakke kvarandre, observere og handle, støtte, anerkjenne og rettleie i samhandling. Vi skal møte individuelle behov, sjå og lytte til kvart barn. Humor og glede skal ha god plass i kvardagen.
Barn skal utvikle kunnskap og ferdigheiter innanfor alle fagområde i rammeplan for barnehagen gjennom:
UNDRING- UTFORSKING- LEIK- LÆRING