Ved vår barnehage ønskjer vi å gi alle barn optimale utviklingsmogelegheiter, og ta vare på barndommen sin eigenverdi. Dette gjer vi ved å verdsette barns behov for medverknad, omsorg, danning, leik og læring. Vi vil arbeide aktivt for eit inkluderande fellesskap, der både barn og vaksne skal kjenne seg velkomne og trygge. Vi har fokus på vennskap gjennom heile året. Dei vaksne skal vere imøtekomande og gi barna positive opplevingar basert på respekt og aksept, og gjennom det syte for trivsel og utvikling for kvar enkelt. Skal samspel og samarbeid fungere, må vi ha eit menneskesyn som er prega av likeverd og gjensidig respekt. Vi ser på barnet som eit subjekt med eigne tankar, meiningar, kjensler og handlingar.