Barnehagetilbodet skal tilpassast behova til barna og deira føresetnadar, også når barn har behov for ekstra støtte. Kommunen skal sikre at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod.
Kven har rett til tilrettelegging?
Foreldre som har barn med nedsett funksjonsevne kan søke kommunen om tilrettelegging gjennom tiltak som er naudsynte for at barnet skal kunne drage nytte av barnehagetilbodet. Nedsett funksjonsevne skal vere dokumentert ved legeerklæring. Det er ikkje naudsynt med sakkunnig vurdering frå PPT, dersom det ikkje også vert søkt om spesialpedagogisk hjelp.
Korleis søke om tilrettelegging?
Det er barnehagen, i samarbeid med barnet sine føresette, som søker om tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne. Dersom barnehagen meiner at eit barn kan ha krav på støtte til tilrettelegging i barnehagen, har barnehagen ansvar for å informere dei føresette.
Det er kommunen som gjer vedtak om tilrettelegging av barnehagetilbodet til barn med nedsett funksjonsevne. Søknadar blir behandla kontinuerleg gjennom barnehageåret.
Meld om behov for tilrettelegging i barnehage