Kven kan gifte seg i Haram kommune?
Haram kommune tilbyr vigsel til alle som fyller vilkåra for å inngå ekteskap i Norge.
Når kan de gifte dykk?
Kvardagar i ordinær opningstid for rådhuset, etter avtale.
Ettermiddag/kveld og helgedagar- etter førespurnad og så langt kapasitet og praktiske omsyn tillèt det.
Det blir ikkje arrangert vigsel i påska, fellesferien eller i jula (veke 52 og 53).
Kvar kan de gifte dykk?
Kommunen stiller følgjande lokaliteter tilgjengeleg:
Ingebrikt Davik-huset i Brattvåg
Etter førespurnad kan vigselen også gjennomførast på andre stader, fortrinnsvis i kommunen. Vigselspersonane vurderer sjølv kapasitet og dei praktiske tilhøva i kvart einskild tilfelle.
Kva kostar det?
Dersom ein eller begge brudefolka er folkeregistrert som busett i Haram kommune, vigselen finn stad i ordinær opningstid for rådhuset og i kommunen sine lokale, er tilbodet gratis. Dette tilbodet gjeld også for personar som ikkje er busett i Norge, men som fyller vilkåra for å inngå ekteskap her.
Ved vigsel ut over det ordinære tilbodet har Haram kommunestyre vedtatt gebyr som skal dekke førebuing, gjennomføring og etterarbeid av vigselen, samt kommunalt lokale inklusiv vaktmeistar, oppvarming m.v.
Dette er prisane for 2024:
- Innbyggjarar frå andre kommunar, i ordinær tid: kr 1 575,-
- Utanom ordinær opningstid og i kommunale lokale , kvardagar eller helg: kr 3 150,-
Førebuing - vilkår for vigsel
Før de kan gifte dykk, må folkeregisteret i Skatteetaten kontrollere om ein oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap i Noreg.
Følgande skjema må fyllast ut og sendast inn til skatteetaten:
Behandlingstida er 2-3 veker.
Når vilkåra er prøvde og funne i orden, utskriv Skatteetaten ein prøvingsattest. Denne prøvingsattesten er gyldig i fire månader, og vigsel må gjennomførast innan utløpsdatoen på attesten.
Det er viktig at vi har prøvingsattesten seinatst to veker før vigselen.
Send inn prøvingstattest
Bestill vigsel
Bestilling kan gjerast frå seks månadar og seinast fire veker før ønska vigselstidspunkt, men detaljar blir endeleg avtala når kommunen har motteke prøvingsattest og vigselen nærmar seg.
Bestill tid til vigsel
Slik foregår vigselen
Brudefolk, forlovarar og gjestar bør møte opp ved seremonirommet tidlegast 15 minutt og seinast 5 minutt før avtalt tid for vigsel.
Legitimasjon må visast fram på vigselsdagen før sjølve seremonien kan starte. Vi godtar gyldig pass, eller norske førarkort og norske bankkort med bilde og personnummer.
Utenlandske statsborgarar må vise fram pass. Asylsøkarbevis er ikkje godtatt som legitimasjon.
Det skal vere to vitne til stades under seremonien. Dette er vanlegvis forloverane, men det kan også vere to andre myndige personar. Vitna skal vere med og underteikne vigselsprotokollen/prøvingsattesten.
Kommunen kan gjennomføre vigselen på norsk eller engelsk. Dersom de verken forstår norsk eller engelsk, må de sjølve ta med kvalifisert tolk og dekke utgiftene til dette.
Sjølve seremonien varer i 10-15 minutt. De blir vist inn i seremonirommet saman med gjestane. Sjølve vigselen skjer ved at vigslaren les ein fastsett tekst for borgarleg vigsel.
Ho/han les gjerne også eit dikt, dersom de ønsker det.
Deretter blir de spurt om de vil ha kvarandre til ektefellar. Så erklærer vigslaren dykk som ektefolk. Til slutt må vigselsprotokollen skrivast under av dykk, vitna og vigslaren.
Det er ikkje lov å drikke alkohol, eller å kaste ris, roseblad eller konfetti, i eller utanfor seremonirommet.
Det er høve til å sette på ringar under seremonien. Gi beskjed om dette før seremonien startar. Ringene kan settast på når vigslaren har erklært dykk som ektefolk. Vigslaren sier frå når ringane kan utvekslast.
De kan gjerne ha musikk eller diktlesing under seremonien. Dette må de sjølve organisere. Gi beskjed på førehand.
Tida som er sett av til seremonien, underteikning og fotografering er til saman 25 minutt. Det er viktig å halde tidsramma, fordi det ofte er andre par som ventar på å gifte seg.
Fotografering kan skje under og etter seremonien, i forståelse med paret og vigslaren.
Etter vigselen
Prøvingsattesten som brudeparet, vitna og vigslaren underteiknar blir vanlegvis sendt til Skatteetaten same dag som vigselen skjer. Paret vil få med seg ein kopi av attesten, som ein midlertidig vigselsattest.
Endeleg vigselsattest kjem frå Skatteetaten etter ei eller to veker. Alle spørsmål om vigselsattesten må rettast direkte til Skatteetaten
Treng du meir informasjon?
Alle spørsmål knytt til prøvinga av ekteskapsvilkåra må rettast til folkeregisteret ved ditt regionale skattekontor.
Ekteskap i Norge, informasjon til norske og utanlandske statsborgarar- Skatteetaten
Veien til ekteskapet - steg for steg - Skatteetaten