NAV-tenesterKommunen har ansvar for dei sosiale tenestene i NAV-kontoret.Sosialtenesta skal i følge sosialtenesteloven:Gi opplysning, råd og rettleiing som kan vere med på å løyse eller førebygge sosiale problem.Fremme økonomisk og sosial tryggleik.Betre levevilkåra for vanskelegstilte.Bidra til auka likeverd og likestilling og førebygge sosiale problem.Bidra til at den enkelte får moglegheit til å leve og bu sjølvstendig og til å ha eit aktiv og meiningsfylt tilvære i fellesskap med andre.Ha kvalifiseringsprogram for personar i yrkesaktiv alder som har vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne, som gir rett til kvalifiseringsstønad. Les om sosiale tenester og økonomisk sosialhjelp på NAV sine nettsider.Lokale tenester rundt økonomisk rådgivingNAV Haram tilbyr økonomi- og gjeldsrådgiving. Les meir om tenesta på NAV sine nettsider.Slik søker duDu finn link til søknadsskjema i knappen under. Skjemaet må fyllast ut og sendast per post tilNAV HaramPostboks 116282 BrattvågGå til søknad om økonomi- og gjeldsrådgivingPrøv gjerne “Sjølvhjelpspakken”Før du søker om lokal økonomisk rådgiving kan du forsøke “sjølvhjelpspakken” som er laga av kompetansesenteret for gjeldsrådgiving (Trondheim kommune). Denne rettleiaren er meint å vere ei hjelp på vegen til å ta styringa over eigen økonomi.Sjølvhjelpspakken finn du her (Trondheim kommune si nettside)Opningstider og kontaktinformasjonHer finn du kontaktinformasjon og opningstider for NAV Haram Sist endra 03.03.2025 15.26