Logoped til barn og unge

Barn som har vanskar med kommunikasjon, språk, taleflyt og svelg kan få hjelp av logoped. 

Kven kan få logopedteneste? 

  • Førskulebarn og elevar i grunnskulen med:
    • Språklydvanskar (frå fylte 4 år)
    • Taleflytvanskar (stamming og løpsk tale)
    • Stemmevanskar
  • Foreldre, barnehagar og skular (rådgjeving og førebyggande arbeid)

Oversikta over den normale språklydtileigninga er slik (Preus, 1982):

Oversikt over den normale språklydtileigninga (Preus, 1982)
Alder Lyd
3 år Vokalane og /m/, /p/ og /h/
4 år /n/, /t/, /d/, /j/, /f/, /v/, /l/
5 år /l/, /k/, /g/, /ng/
6 år /r/
7 år /s/ etter tannfelling
9 år /kj/, /skj/

Punkta i tabellen er ikkje normer, men må bli sett på som retningsgivande.

Dersom det er bekymring for barnet sitt språk før fylte fire år, kan ein kontakte PPT for samtale eller drøfting.

Om det innanfor lavterskeltilbodet vert avdekka at barnet kan ha eit større spesialpedagogisk behov, vil dette bli meldt frå om til skule, barnehage eller føresette, som kan melde saka til PPT for sakkunnig vurdering.

Kva kan vi tilby?

Haram kommune tilbyr hjelp på to måtar, avhengig av vanskar: 

  • Logopedhjelp gitt som lavterskeltilbod:
    Dette tilbodet har heimmel i barnehageloven § 2 om barnehagen sitt innhald, opplæringslova § 2-3 om innhald og vurdering i grunnskoleopplæringa, og i forskrift til opplæringslova § 1-1 om innhaldet i opplæringa.
  • Logopedhjelp gitt som spesialpedagogisk hjelp:
    Dette tilbodet blir gitt dersom barnet/eleven har behov for logopedhjelp i større omfang og over lengre tid, eller der barnet har behov for anna spesialpedagogisk opplæring.
    Denne hjelpa har hjemmel i § 31 i barnehageloven og i § 5-1 i opplæringslova. 

Kvar får ein hjelp?

Logopeditilbodet blir i hovudsak gitt på kontoret til logopeden. Det blir også gitt undervisning ute i skular og barnehagar i særskilde tilfelle. Undervisninga kan bli gitt digitalt for dei som ønsker det, og den kan gå føre seg individuelt eller i gruppe. Det vert i tillegg gitt rettleiing til føresette og til personale i skule og barnehage ved behov.

Korleis søke?

  • Logopedhjelp som lavterskeltilbod:
    Barnehage/skule eller helsestasjon kan sende søknad i samråd med føresette.
  • Logopedhjelp som spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning:
    Barnehage/skule eller helsestasjon melder saka til PPT (Pedagogisk psykologisk teneste).

Krav til søknaden:  Høyrsel må vere sjekka før søknad om logopedteneste kan sendast inn.

MERK: 
Det er barnehage/skule/helsestasjon som skal fylle ut og sende inn søknadsskjemaet.
 

Søk om lavterskel logopedhjelp for barn 

Kontakt oss